Arkiv for kategorien ‘Pulsvantar’

Come in handy

Det er ei lita stund sidan eg har oppdatert her no, vart sjølvsagt sjuk med ein gong eg kom heim att. Jamvel har det vorte tid til litt strikking, slik at det vert noko til einkvar til jul. Stort sett vottar og pulsvottar.

It’s been some time sine I last updated my blog. Of course I got a week on the couch when I came bak home. However there has been time to knit some christmas presents. Mostly mittens in different forms.
Fekk òg laga noko til syster og bror min, det verka som dei fell i smak. Bror min har allereie funne ut at pulsvottane òg kan brukast som tøfler.

Made something for my sister and brother, they’ve seem to like it.

Perlervantar

Fekk ferdig eit par pulsvanter i dag. Mønseteret fann eg i boka “Perler på pulsen”. Dei tok ikkje så lang tid å lage, nytta Incagarnet frå Rauma og 2,5 pinner.

Finished a pair of “pearl-mittens” today. I’m afraid it’s a bit difficult to see the pattern. Rumours has it that my 10-years-old sister wants a pair like these in blue for Christmas. I’m not saying more…

Lilla og brunt


Det vart eit par nye pulsvantar i dag. Synest fargane vart fine saman.

Nye pulsvarmare


I dag vart eg ferdig med eit par nye pulsvarmare. Ganske nøgd med dei. Strikka dei med Rauma-inca, og Kidsilk frå Rowan. Dette gjer dei særs gode og mjuke på. Det vert kanskje nokre fleire av desse.Pulsvantane vart strikka med ein tråd inca og ein tråd Kissilk haze i grønt.

Slik så det ut for eit par dagar sidan.

Pulsvantar, smal modell

Pulsvantar i eskimo, natur og brunmelert.

Pulsvantar

Desse pulsvantane kan ein få i dei fleste farger og storleikar. Held deg varm på henda. Praktisk når ein må nytte fingrane, men jamvel vil halde varmen.